mandag 11. august 2008

"Jeg er en ganske annen enn du tror"

Jeg kom over et gammel skrivearbeid. Jeg kan ikke skjønne og forstå hvordan noen andre enn meg kan få noen mening ut av det, men jeg husker godt hva jeg tenkte, så jeg liker den ganske godt. Men det kan vel være fornøyelig lesestoff likevel, kan det ikke?


Kva? Eg er berre litt forvirra. Det er ikkje heilt slik der eg kjem frå. Heime hos meg drar vi ikring på skyar, ikkje i bilar. Tulle? Eg tullar vel ikkje, du kan verkelig ikkje kome deg dit med bil. Nei, ikkje sykkel heller, det går ikkje vegar dit.

Men sidan vi er inne på det, eg trur ikkje eg kan bli med deg likevel, eg har ikkje noko passande inntrekk. Når eg seier inntrekk, meinar eg inntrekk, ikkje noko anna. Eg har meir enn nok å ha på meg, men eg trur eg har mista det eg burde ha på innsida.

Eg har eit heilt skap heime fullt av inntrekk, men i dag morgon blei akkurat dette til ein kanarifugl og flaug ut av vindauget før eg fekk stoppa det. Jo, visst er det mogleg! Det er akkurat slik det er der eg kjem frå. Heime hos meg blir ting forandra rett som det er. Forleden dag blei husfreden til ein einsleg gul sokk. No kan eg ikkje finne han att.

Nei, eg trur ikkje det er så lurt at du treffer foreldra mine akkurat no, dei er ikkje heilt som dei pleier. Far er ein traktor og mor er ein skingrande plystrelyd. Dei er ikkje så lett å forhalde seg til. Broren min har eg her i lomma, men han er så liten, du kan nok ikkje sjå han.

Dessutan er eg ikke så glad i biff. Heime hos meg treng ein ikkje å ete. Ein blir så mett av alt saman.

Eg er ikkje spesielt begeistra for å danse heller. Jo da, eg elskar faktisk å danse, men dansinga dykkar er framand for meg. Der eg kjem frå er alt dans, men vi dansar til kjensler, ikkje til rytmar. Og musikken dykk spelar... Heime hos meg er det musikk i tretoppane og framfor peisen, ikkje dundrande på trommehinna.

Eg skulle gjerne hatt ei anledning til å prøve det litt frekke smilet eg fann på loftet i går, men eg trur det har gått av moten for lengst, kva veit vel eg.

Vi har nok ikkje så mykje til felles eg og du. For deg er røyndom tilvera, for meg er den ein stad eg aldri har vore.

Der eg kjem frå er himmelen lysegul og tida noko man er. Du bor i eit hus med ein liten familie, eg bor i eit dikt blant alle orda. Der eg kjem frå er aura spiseleg og glede noko som kan pakkast inn. Verda di er abstrakt, eg får ikkje tak på den.

Heime hos meg kan ein sitje på veggen.

Sjølvsagt er det sant! Nei, du har rett, det er ikkje det. Broren min er ikkje i lomma mi og himmelen er blå som denne, men det er framleis ein anna verd. Eg er nok ein ganske annan enn du trur. Men kva veit vel du, som aldri har bodd blant ord.Eg er akkurat som deg og alle andre, men eg kjem frå ein annan røyndom, der inntrekk er noko som kan forsvinne og glede kan pakkast inn. Det er ikkje her eg bur.

Hei. No i kveld? Nei, det passar ikkje så bra, desverre, eg har ikkje noko å ha på meg.

2 kommentarer:

Maren n. sa...

Du hadd rett. Skjønte ikke så mye av det, men likt å les det da ^^

Anonym sa...

Fantastisk!